Arkitektur

Arkitektfirmaet ved sivilarkitekt Askill Voll MNAL NPA utvikler bygg innafor fleire felt; Bustad-, Hytte-, Skule-, Helse- og Næringsbygg.

Over ein periode på 25 år har firmaet arbeid med store og små prosjekt, fra reguleringsplaner til prosjektering av større bygg.

Dei fleste prosjekta er bustader tilpassa tomt og landskap og brukerane sine eigne idear og meiningar.

Karakteren til prosjekta kan ein beskrive som poetisk situasjonisme. Mest av alt er det landskapet og lyset som gir inspirasjon til nye husprosjekt. I samarbeid med oppdragsgjevar veks ideane frem og får form gjennom samtale og samhandling.

eZ publish™ copyright © 1999-2012 eZ systems as